Onsdag 15. april kl. 18.00 i Sykkylven kyrkje.
Kvart år arrangerer vi ein temakveld i Sykkylven kyrkje om eit viktig tema som treng å bli løfta opp og snakka meir om. Denne gangen skal temakvelden handle om korleis vi kan bli eit meir inkluderande samfunn, og vi har vore så heldige at vi har fått på plass ein avtale med den landskjente TV-personlegheita, podkastaren, forfattaren og langrennsløparen, Øystein («Pølsa») Pettersen.
Kvelden blir leia av vår dyktige medarbeidar, Kristin Kjemphol Lohne, diakon.
Det er særleg i lys av NRK-suksessen «Team Pølsa» vi tenker at Øystein Pettersen vil være ein svært god person til å hjelpe oss med å sette ord og tankar på inkludering. Øystein er veldig engasjert og opptatt av korleis vi kan bekjempe einsemd og korleis vi kan «få med oss alle». Einsemd og utanforskap er eit stort samfunnsproblem, der vi tenker at Sykkylven ikkje er noko unntak. Vi ønsker derfor å sette fokus på dette ved å gi folk meir kunnskap og innblikk i korleis vi kan bli eit meir inkluderande og raust samfunn. Alle treng eit felleskap, lite eller stort, for å ha god livskvalitet. Felleskap er preventivt i forhold til fysiske og mentale sjukdommar. Inkludering skjer oftast i dei små felleskapa. Vi kan kvar og ein gjere ein innsats for å bli meir inkluderande, sjå kvarandre og løfte opp kvarandre. Alle har eit ansvar. Auka bevisstheit på dette meiner vi vil gi positive ringverknadar både i lokalsamfunnet og på arbeidsplassen.
NB! Earlybird billettar kr. 200,-
Hovudsponsor: SpareBank 1 SMN Sykkylven
Medsponsor 1: Sykkylven Gjensidige brannkasse
Medsponsor 2: Lions Club Sykkylven
